NM Masters Alpint Stranda 2017 – Program, påmelding, overnatting

med Ingen kommentarer

Stranda inviterer til NM Masters Alpint 2017, 30. mars-2. april.

Program

Torsdag 30. mars Trening Super G
Fredag 31. mars Super G
Laurdag 1. april Storslalåm
Sundag 2. april Slalåm

Sosialt

Torsdag 30. mars Mingling på Stranda Hotel
Fredag 31. mars Premieutdeling på Panorama. Alperittløypa ned til Stranda.
Laurdag 1. april Premieutdeling på Stova, Afterski og fest på Stranda Hotel.
Sundag 2. april Premieutdeling på Stova etter renn

Påmelding & bestilling

Påmelding

Påmelding til renn og kjøp av eingongslisens via MIN IDRETT, www.minidrett.no, manuell påmelding til Leidulf Årvik.

Kontaktperson for Stranda Alpint og Organisasjonskomité

Leidulf Årvik: 47 66 73 43 / e-post: leidulf.aarvik@gmail.com

Kontakt for bestilling av overnatting og heiskort

Strandafjellet: 70 26 90 00 / epost: booking@strandafjellet.no Se overnattingspakker lenger nede.

Reise til Stranda

Her finn du informasjon om reiseruter: www.strandafjellet.no

Transport t/r Stranda Hotel – via Stranda Sentrum – Strandafjellet

Det vil gå shuttlebuss gjennom arrangementet.


Velkomen

TIL NM MASTER ALPINT PÅ STRANDAFJELLET

Det er ei stor glede å få ønske alpinveteranane velkomne til Strandafjellet den 30.03-02.04.2017.

Stranda Skisenter ligg aust i Sunnmørsalpane. Stranda IL Alpin har lange tradisjonar innan alpinsporten (1950 talet), og har vore vertskap både for Noregsmeisterskap (sist i 1989), Coca Cola-finale (1994), Nordisk meisterskap og World Cup (1990). I tillegg til dei populære Norges Cup samlingane som gjekk under navet «påskekarusellen». Vi arrangerer fortsatt store og små renn – ca. 10- 12 stk. kvart år.

2009 markerte ein ny æra for Stranda Skisenter med ei ny fireseters stolheis. Ein fekk i tillegg ei opp gradering av alle trekk og ned fartar, lysanlegget vart forlenga og forbetra og vart Nordvestlandets lengste. Snøproduksjonsanlegget vart også forlenga og forbetra, og ein fekk paviljong med servering på toppen av stolheisa.

I 2012 stod ein seks-seter telemix med 8 seter gondolbane ferdig på Roalden. Gondolen er Skandinavias største i antall høgdemeter mellom topp og botnstasjon(618 meter). Lengda er 2100 meter. Ein ny paviljong med restaurant sto også klar. Denne ligg på 1047 meter og tilbyr ei uforgløymeleg utsikt utover Storfjorden, Sunnmørsalpane og Fjordbygda Stranda.

I dag kan Stranda Skisenter smykke seg med fleire prisar innan kåringar om beste skianlegg på landsbasis, og har vorte kåra til ein av dei ti største attraksjonane i Fjord Norge-regionen. Det vert også betrakta som eit av Skandinavias beste frikøyringsområde, og har etterkvart oppnådd status utanfor landegrensene som ei spektakulær og særeigen vinteroppleving i Fjord Norge.

Det moderne anlegget har i dag seks skiheisar, skiband, barnepark, terrengpark, 17 nedfarter og sørger for at vinterentusiastar i heile familien får dekka sine behov.

Program // konkurransar

Disiplin og bakke (sjå kart)

Torsdag: Treningsdag SG i Raudeløypa + Alpinisten
Fredag: SG, NM Master i Raudeløypa + Alpinisten
Laurdag: GS, NM Master i Alpinisten
Søndag: SL, NM Master i Skitreffen (Furset traseen)

Torsdag 30.mars

Kl 09.30 – 10.00: Synfaring
Kl 10.30: Start 1. treningsomgang, Super G
Kl 12.00: Start 2. treningsomgang, Super G

Fredag 31. mars

Kl 10.00 – 10.30: Synfaring
Kl 11.00: Start Super G

Laurdag 1. april

Kl 08.30 – 09.00: Synfaring 1. omgang, GS
Kl 09.30: Start 1. omgang, GS
Kl 12.30 – 13.00: Synfaring 2. omgang, GS
Kl 13.30: Start 2. omgang, GS

Søndag 2. april

Kl 08.30 – 09.00: Synfaring 1. omgang, SL
Kl 09.30: Start 1. omgang, SL
Kl 12.30 – 13.00: Synfaring 2. omgang, SL
Kl 13.30: Start 2. omgang, SL
Premieutdeling SL rett etter renn

NB! Programma kan bli endra på bakgrunn av bl.a. vêr-/ føreforhold og antall deltakara.

Påmelding

www.minidrett.no innan måndag den 27. mars.

Startkontingent

Alle klasser, Super G, GS og SL: kr 200,- pr. løpar
Alle klasser, trening Super G: kr 150,- pr. løpar

Husk eingongslisens.


Løypekart med rennforklaring

Super G går i løype nr 2, Raudeløypa, og fortsetter i nr 3, Alpinisten.

GS går i nr 3, Alpinisten.

Medan SL vil bli arrangert i løype nr 8, Skitreffen.

Prepperom

På fjellet: I garasje ved sidan av Stova.
I bygda: Ved sida av Stranda hotell.

Anna info

www.strandafjellet.no og Facebook arrangement

Trasekart Stranda 2017


Rennleiing, alle renn

Rennleder: Kristian Mork
Bakkesjef: Paul Ivar Pedersen

Startnummer

Hentast på renn kontoret.

Premiering

Sjå sosialt program.

Rennkontor

I Stova, 2 etg.

Opningstider

Sjå oppslag ved inngangsdøra.


Prisar

Startkontingent

Startkontingent (kr 150,- + mesterskapstillegg kr 50,-) pr renn kr 200,-
Startkontingent trening Super G kr 100,-
(organisert med tidtaking, startnummer, etc.)
Heiskort pr dag (20 % rabatt for 2 eller fleire dager) kr 250,-

Overnattingspakkar stranda hotel

Pris per person i dobbeltrom inkl frokost, middag, afterski, underhaldning, bankettmiddag og lokal transfer kvar dag, samt heiskort:

  1. Onsdag – Søndag kr 4.820,-
  2. Torsdag – Søndag kr 3.700,-
  3. Fredag – Søndag kr 2.530,-

Enkeltromstillegg per døgn: kr 300,-

Rom og frokost 1 natt

Enkeltrom kr 1.150,-
Dobbeltrom per person kr 825,-

Overnatting i hytter og leiligheter på Strandafjellet*

Overnatting i leilighet/hytte inkludert utvask og sengetøy

5-senger onsdag – søndag kr 8.545,-
5-senger torsdag – søndag kr 7.055,-
5-senger fredag – søndag kr 5.565,-
7-senger onsdag – søndag kr 10.095,-
7-senger torsdag – søndag kr 8.505,-
7-senger fredag – søndag kr 6.815,-

Mat

Bespisning på Stranda Hotel for gjester på hytter og i leiligheter*

Bankettmiddag laurdag kveld kr 445,-
2-retters middag kr 325,-
Frokost for ikkje-buande (førehandsbestillast) kr 100,-
Nistepakke kr 95,-

Anna

Prepperom og skistall på Stranda Hotel kr. 0,-
Sauna og svømmehall for hotellgjester kr. 0,-
Transfer Stranda sentrum-Strandafjellet kr. 0, *

Leiligheter og hytter er lokalisert på Strandafjellet. Stranda hotell ligg i sentrum av Stranda, ca 10 min køyring.

NM Masters Stranda 2016 – Innbydelse

Sponsorer Stranda 2017Sponsorer Stranda 2017http://www.strandailalpin.no/

Legg inn en kommentar